My gratitude to Macedonia, Struga, The Hotel Drim, Lake Ohrid where I did find new dimensions of  life. 
ENGLISH version 
Laga i takksemd til landet, byen, til hotellet og sjøen kor vi har funne nye livskvalitetar
 
HOTEL DRIM
Telefon og faks: 00 389 46 782 611  -     E-mail: hdrim@mpt.com.mk

Bilete/pictures

Detaljer om aksjeselskapetINEX DRIM 
More about The Inex Drim Group   Another Site here
More about The Inex Drim Group
 

"Her fins Europas navle, og den som ikkje har oppdaga det, får koma hit, leggja seg i sjøen og oppleva det sjølv." Tor Obrestad. 

ET PARADIS VED INNSJØEN OHRID  -  STRUGA  -  MAKEDONIA
 
 

HEKTA
"Tilfeldigheter" , slumpetreff heiter det på jærsk, førte oss for 3 år siden  (1999) til eit land vi nesten ikkje visste om.  Vi vart hekta..Sidan har familien vore der kvart år, og vi reiser nok dit igjen.  Struga har kanskje 25 000 innbyggere. Tredjedelen av folket er albansktalande. Resten er makedonere.  Albanarane er muslimer og makedonarane stort sett ortodokse.
Hotel Drim ligg sentralt ed elvemunningen av elva Drim.  Det tek 5 minutt og gå til sentrum. "Me la oss i Ohrid-sjøens milde vatn og vaska reisa bort"  skriv Tor Obrestad i Stavanger Aftenblad den 7.8.2000. "Her fins Europas navle, og den som ikkje har oppdaga det, får koma hit, leggja seg i sjøen og oppleva det sjølv.

YRANDE FOLKELIV
Det er et yrande folkeliv fra tidlig til morgen til langt på natt. Gjennom byen renn den livgjevande reine elva Drim. Det er eit yrande badeliv. Butikkane stenger gjerne ikkje før midnatt og fortausrestaurantene har åpent noen timer til.  Og folk myldrer ut. Gjerne heile familier med barn.  Byen kjennest så fredelig og trygg. Sjølv vi "fattige" kjenner oss rike. En øl koster en femmer. En stor god hamburger bitte litt mer. En pizza koster 10-20 kroner alt etter størrelsen. Taxi er billig.

HOTEL DRIM 
Vi har alltid budd på Hotel Drim, sjølv om det finnes mange billigare alternativ.  Dagen har vi tradisjonelt begynt klokka 8 med et bad i Ohrid-sjøen - 60-70 meter fra hotellet. Det er forfriskende godt. Byen ligg 700 meter over havet og temperaturen er stort sett perfekt for oss nordboarer. Om dagen er det eit yrande badeliv på stranda og i elva.

Hotellet er bygd tidlig for ca. 30 år.  Arkitekturen er spanande og spesiell. Hotellet har 430 senger, 3 restauranter, nattklubb, casino, svømmebaseng, konferansesal med 250 stoler, tennisbane o.m.

BYANE VED SJØEN OHRID
Ohrid vert kalla perla på Balkan.  Byen ligg ved Ohrid-sjøen og har omlag 40 000 innbyggjarar.  Det er ca. 15 km til Struga kor me har hovudkvarter.  Taxi koster omlag 250 dinarerer, eller 40 - 50 kroner etter som eg kan hugsa. Og det går mange bussar, kvart femtande minutt. Og det kostar rundt om ein femmar. 

Ohridsjøen er 30 km lang og 16 km brei.  Vatnet kan ofte vera 25 grader om sommaren.  På grunn av sjøen er lufta i Struga og Ohrid rein og gjerne ikkje så brennheit som ho kan vera til dømes i Skopje. 

Det er eit yrande liv både i Ohrid og Struga.  Det er torg som bugnar av alle slags varer. God vin.  Rakija - det lokale brennevinet - er eit lite kapitel for seg sjølve.  Det er laga på eple, trur eg.   Eller er det plommer?  Folket trur fullt og fast at det er ein slags univeralmedisin. Det er det og nokre nordmenn som har begynt å tru på....    Men av alt godt på denne jorda, så trur eg gjerne det er det som har minst verknad.. 
Men det kjennest nok godt?.  Dermed er det ikkje sagt at det er ein universalkur.  Som sårdesinfeksjon kan den vera godt brukbar..... 

Det er mykje billig der.   Husrom kan ein få fra 30 kroner natta og oppover til eit par-tre  hundre kroner. 

I Ohrid er det 40 kyrkjer.  Kyrkjekunsten er vidgjeten.  Området her var ein  feriestad i det gamle Jugoslavia.  På hotel Drim, "hotellet vårt", var det vel partieliten som samla seg?  Og dei rike og mektige.  Mykje vitnar ennå om gamal stordomstid. 

Ei tid reiste det mykje hollendarar til område, og tyskarar, russarar, skandinaver.   Dette var for 20 år sidan.  Obrestad skriv: 
"Ohrid var eit sentrum for den internasjonale kulturen og den heimlege.  Meir enn ein gong har eg dansa makedonske folkedansar gjennom dei tronge gatene i den gamle bydelen... eller eg har site i det romerske amfiteateret og høyrt Bach.  Den gongen var det stil over det..." 

Ja, eg synes det er stil no og.  Mykje stil.  Men pågrunn av uroa dei siste åra, har det vel vore mindre turistar.  Og det er kanskje ikkje så dumt for oss som gjerne vil dit? 

DET KJEM NYE TIDER - TURISTANE VIL FINNA ATT "PERLA"

Når uroa etter kvart vil leggja seg, vil turistane igjen strøyma hit.  Det er ingen tvil om det.  Mange vil verta trøytte av dei store turistmaskinane rundt Middelhavet. Her er det varmt. Lufta er frisk. Dessuten er dette området sentralt i europeisk historie. Alle naboane gjer på ein måte krav på Makedonia.  For serbarane er det "Sør-Serbia", og Hellas er det nordre del av Hellas, og bulgararne er det ein bulgarsk provins i vest.  Alle vil ha æra av den historiske og kultuerelle rikdomen i dette området.
Her er eit stort og detaljert kart som det tek litt tid å lasta ned.  Mindre kart. Struga ligg ved nordenden av Lake Ohrid.
 

Dei siste åra har det vore 30-40 nordmenn ved hotellet.  Sjølv innbarka turistløver som kjenner Tyrkia, Hellas og Spania ut og inn, er samstemmige i at dette er eit paradis utan om det vanlege - for dei som er trøytte på alt anna.

Dersom du har interesse for kultur, historie og relasjoner meir enn bare det å nyta, masseturisme,  - er Balkan, Makedonia og Struga/Ohrid staden for deg.

Men kom dit med respekt og ærefrykt for den lokale kulturen og menneska der.  Då trur eg også at du er med i ein fredsskapande prosess.
Makedonia, Struga, Ohrid er kanskje  ikkje for alle? Bare for dei som er litt meir en nytande turistar, kanskje? 
 
 

Tore Lende
Tlf 51 66 78 11
lende@lende.no

 
Lake Ohrid - Look Here         And also here. Map of the area.     STRUGA

Pasko Kuzman skriver (http://www.ohrid.org.mk/eng/index.htm): 
"Vi vil gjøre deg oppmerksom på en av Makedonia’s største sannheter, sannheten om Ohrid, en evig by, et magisk fjell som vever fortid og nåtid sammen.  Ohrid har vært en levende by i 2400 år.  Sprunget ut av den skinnende Lychnidos,  en by som er blitt vevd inn mektige sivilisasjoners historie.  Sannelig, Ohrid er Makedonias historie og kultur i miniatyr. Et viktig bispesete i eldgamle tider, senteret for erkebiskopen i Makedonia.  Den bærer navnet ”Det balkanske Jerusalem”   Ved innsatsen  til St Clement av Ohrid vokste det første allslaviske universitet fram her.  Ohrid var den første hovedsatd i den første slavisk makedonske stat, Samuels Emperium.  Fra her vokste den slaviske bevissheten eller vekkelsen frem i den 18 århundre.  Ohrid og Ohrid-sjøen er under spesiell FN-beskyttelse for bevare sin historiske identitet og arv." 

Du kan ta fly fra mange byar i Europa med Adria Arline til Ohrid.  Då er du der!!.  Eller du kan reise til Skopje med SAS, British Airways, Malew aller andre selskap.  Frå Skopje er det ein 3 timers busstur til ca. 40 kroner - eller taxi om du vil til 400 kroner. .

Du kan til dømes ta fly tur-retur Budapest, Wien, Ljubliana og reisa resten med tog og buss gjennom Serbia.  Du kan også ta ein avstikkar medan du har ferie i Hellas.og reise med tog fra Aten eller Saloniki til Skopje.    Opplevingane, kjensla av å reise vil vera overveldande - trur eg.
Dersom du ville lesa om korleis eg reiste dit fyrste gongen, kan du slå opp på: http://lende.no/nsb