|
Ohrid vert kalla perla på Balkan. Byen ligg ved Ohrid-sjøen og har omlag 40 000 innbyggjarar. Det er ca. 15 km til Struga kor me har hovudkvarter. Taxi koster omlag 50 kroner etter som eg kan hugsa. Og det går mange bussar. Og det kostar ikkje mange kroner. Ohridsjøen er 30 km lang og 16 km brei. Vatnet kan ofte vera 25 grader om sommaren. På grunn av sjøen er lufta i Struga og Ohrid rein og gjerne ikkje så brennheit som ho kan vera til dømes i Skopje. Det er eit yrande liv både i Ohrid og Struga. Det er torg
som bugnar av alle slags varer. God vin. Rakija - det lokale brennevinet
- er eit lite kapitel for seg sjølve. Det er laga på
eple, trur eg. Eller er det plommer? Folket trur fullt
og fast at det er ein slags univeralmedisin. Det er det og nokre nordmenn
som har begynt å tru på.... Men av alt godt
på denne jorda, så trur eg gjerne det er det som har minst
verknad..
Det er mykje billig der. Husrom kan ein få fra 30
kroner natta og oppover til eit par-tre hundre kroner.
I Ohrid er det 40 kyrkjer. Kyrkjekunsten er vidgjeten. Området her var feriestaden i det gamle Jugoslavia. På hotel Drim, der me bur, var det vel partieliten som samla seg? Og dei rike og mektige. Mykje vitnar ennå om gamal stordomstid. Ei tid reiste det mykje hollendarar til område, og tyskarar, russarar,
skandinaver. Dette var for 20 år sidan. Obrestad
skriv:
Ja, eg synes det er stil no og. Mykje stil. Men pågrunn av uroa dei siste åra, har det vel vore mindre turistar. Og det er kanskje ikkje så dumt for oss som gjerne vil dit? Obrestad klagar over en slags kulturell degenerering. Me kan nok vera samde i det. Det er hjarteskjærande vondt å høyra vesterlandsk discomusikk i disse gatene, enten det er Struga eller Ohrid. Snakk om kulturell vald. Me vil vera ei motvekt. Det er mykje som har verka nedbrytande på folk og kultur. Obrestad skriv: "Men Ohrid fungerer likevel, som byen alltid vil gjerna, på eitt eller anna nivå. Naturen har laga det slik at samfunnet her er uovervinneleg. Her går det ikkje an å utrydda folk, same kva ein gjer. Alt gror! Derfor er makedoneren både fatalist - og optimist. Det går, og om det ikkje går, så går det imorgon. Her fins Europas navle, og den som ikkje har oppdaga det, får koma hit, leggja seg i sjøen og oppleva det sjølv." Tore Lende
Les om Struga og Hoel Drim: http://lende.no/drim Attende til: MAKEDONIA 2001 Fellestur til Makedonia 2001 -------------------------------------------------------------------------------- Pasko Kuzman skriver (http://www.ohrid.org.mk/eng/index.htm):
PS
|