Gruppearbeid – Historie
Jugoslavia
Ingve Lende, Anders Norheim, Are Haldorsen Husø
Problemstilling:
Kva rolle spela "Jugoslavia" under den fyrste
verdskrigen
Ein
kan sei at Jugoslavia vart oppretta i 1918 av serbarar, kroatar og slovenarar.
Det vil seie at kongeriket Jugoslavia ikkje eksisterte under den 1.verdskrigen.
Det område som seinare skulle heita Jugoslavia var delt i to
av kongeriket Austerrike-Ungarn.
Kvifor
vart det då krig på Balkan i 1914? Serbia var eit eige kongerike
i 1913. Dei hadde klart å lausrive seg frå Det Ottomanske Riket
(Tyrkia+++). Serbia var i 1913 sentrum for den sør-slaviske nasjonalismen
som blomstra på denne tida. Det var ein gammal draum om at dei slaviske
folkeslaga skulle slå seg saman og danna ein eigen stat med sjølvstyre
– Jugoslavia – Jugo=sør slavia=slaviske
folkeslag. Austerrike-Ungarn såg med bekymring på at
Serbia stadig vart sterkare.
I juni
1914 vart den Austerrikske regjeringa åtvara av, ein serbisk sendemann,
om den planlagde vitjinga til erkehertug Frans Ferdinand i Bosnia.
Eit attentat var planlagd var beskjeden regjeringa fekk. Åtvaringa
vart avfeid og 28.juni 1914 rulla bilen til det austerrikske tronfølgje
ekteparet inn i Sarajevo. 6 snikskyttarar var klar med ladde pistolar og
ekteparet vart skotne av den bosniske studenten Gavrilo Princip. Skota
utløyste den 1.verdskrigen. Ein månad etter ”skota i Sarajevo”
erklærte Auterrike-Ungarn krig mot Serbia.
I fyrste
omgang vakte serbarane sin krig beundring over heile verda. Frå august
til september slo serbarane tilbake fleire auterrikske-ungarske angrep
og då dei omsider kom på vikande front i november i hovudstaden
Beograd, var serbarane framleis ikkje slegne. Før årsskifte
sette serbarane i gang ein motoffensiv og dreiv keisardømets troppar
tilbake over grensa. I 1915 slutta imidlertid Bulgaria seg til Auterrike-Ungarn
og med angrep både frå nord og aust braut forsvaret til Serbia
saman og Serbia måtte kapitulera. Hæren til Serbia rømde
opp i fjella i Albania. Seinare vidare til øya Korfu utanfor Hellas.
Austerrike-Ungarn var ei suppe av folkeslag og nasjonalismen var ikkje
særleg sterk. Regjeringa mista fort støtte hjå folket.
Etter fleire sviande nederlag for serbarane svekka tilliten til folket
seg overfor regjeringa. Austerrike-Ungaren leid store tap under krigen
mot Serbia og etterkvart som dei vart angripne både frå aust
og vest, trong dei forsterkningar. Desse fekk dei sjølvsagt frå
Tyskland. Dette var og eit nederlag for Austerrike-Ungarn. Dei måtte
ha forsterkningar frå eit anna land. Tilliten frå folket til
regjeringa vart endå meir svekka. Samtidig ynskja serbarar og tsjekkarar
å lausrive seg frå Austerrike-Ungarn og danna eigne statar
med sjølvstyre. Austerrike- Ungarn gav dei eit tilbod om delvis
sjølvstyre, men serbarane og tsjekkarane avslo. Dei ville ha totalt
sjølvstyre med eiga regjering.
I 1918
braut Austerrike-Ungarn saman. Ein ny stat vart oppretta på Balkan
1.desember 1918. ”Sebernes, kroaternes og slovenernes konkerike”, grunnlaget
for det seinare Jugoslavia. Den nye staten bestod av dei to tidlegare kongedøma
Serbia og Montenegro med Makedonia og Kosovo, samt dei sør-slaviske
delane av Auterrike-Ungarn (Slovenia, Kroatia, Bosnia-Hercegovina og Vojvodina-SørUngarn).
Fyrst i 1929 vart staten Jugoslavia oppretta.
Kjelder:
Aschehougs Verdenshistorie – Fra krig til krig 1914-1945, bind 13
Særtrykk Dagbladet, April 1999, Balkan blør.
Winstons Churchill: Verdens-krigens historie
Cappelen: Verdens historien i kart, tekst og bilder.
Historie boka – Vegar til vår tid, verdshistorien.
Diverse leksika
Mail til Ingve
GJESTEBOK
Les om farbror Tore sine reiser på Balkan her:
http://lende.no/serbiskmajor
http://lende.no/nsb
Blodveien
- 1600 serbere døde og ble drept i Norge
Og Helge Torvund sin artikkel i Aftenbladet
http://lende.no/torvund
Juguslavia under Milosovic fra
Aftenposten
|