Den siste åtvaringa frå Hans Skjervheim
Filosofen Hans Skjervheim døde mandag kveld, 72 år gammel.
KRONIKK AV JON HELLESNES
Jamvel om Hans Skjervheim møtte ein del motstand her i landet, blei han oppdaga av tenksame folk alt på 60-talet, og han har hatt ei imponerande resepsjonshistorie. Litt av den er slik: I 1965 kom den tyske filosofen Karl-Otto Apel med ein kommentar til Skjervheims arbeid, den blei omsett til engelsk i 1967: Analytic Philosophy and the `Geisteswissenschaften', Dordrecht, Nederland. I hovudverket sitt Theorie des kommunikativen Handelns (1981) framstiller Jürgen Habermas Skjervheim som ein av pionerane i dette hundreårets samfunnsfilosofi og vitskapsteori. I Rekonstruktive Pragmatik (1985) gjer Dietrich Böhler han til ein av dei intellektuelle hovdingane på linje med Gadamer, Apel og Habermas. I 1988 fekk han Fortenstkrossen av 1. klasse frå den tyske presidenten Richard von Weizsäcker.
Det var avhandlinga hans Objectivism and the Study of Man (1959) som blei kjend i utlandet. Men noko av det beste han har laga, kom berre på norsk. Det er ei form for filosofisk essayestikk som la grunnlaget for ei ny form for sakprosa som det er uråd å halde fast i anten kategorien for populariserande formidling eller kategorien for original fagfilosofi, for det er begge delar på ein gong. Ein del av desse tekstane har eit samfunnskritisk tilsnitt.
På 1960-talet blei han kjend som positivisme-kritikar. I løpet av 70-talet dreiv han mykje med offentleg kritikk av marxismen. Han åtvara mot det han såg som konsekvensar av den lange marsjen til venstreradikalarane gjennom institusjonane, særleg dei universitetspolitiske konsekvensane. Men på slutten av 80-talet og ved starten av 90-talet skjedde det ei politisk nyorientering hos Skjervheim, – ikkje slik å forstå at han endra det samfunnsfilosofiske grunnsynet sitt. Det blei verande som på 70-talet. Men han oppdaga at det var ei heilt anna gruppe enn venstreradikalarane som var verkeleg farleg for samfunnet.
80-talet var ein periode for kjappe investeringar, ville kredittar, enormt sløseri og nyrike fakter. Men dette blei det slutt på, trur somme. Det er i beste fall berre delvis sant. Noko av det verste den såkalla Jappetida førde med seg, blei verande – ikkje berre i det private næringslivet, men i ei rad kommunale og statlege institusjonar. Det som festa seg, var jappe-liberalismens teori for omlegging av organisasjonane, arbeidsordningane og styringsmåtane. Ein av desse styringmodellane – det såkalla MBO-systemet ("management by objectives") eller med andre ord "målstyring og virksomhetsplanlegging" – fekk entusiastisk tilslutnad frå Statskonsult og blei tilrådd for universiteta og forskningsinstitusjonane. Men der kunne denne modellen berre gjere skade. (Heldigvis hadde nokre av desse institusjonane ei motstandsfør leiing.)
Grunnlaget for den storstilte omlegginga av samfunnet var bedriftsøkonomisk. Det var dette Skjervheim tok for seg ved slutten av 80-talet og frametter. Det han no åtvara mot, var den lange marsjen til management-mennene gjennom institusjonane. "Det heile vert formulert i eit språk som stammar frå bedriftsøkonomien, men eg held det for ei filosofisk innsikt at eit slikt språk er svært lite adekvat for dei fleste alvorlege samanhengar." Han snakka om "semantisk imperialisme", det å tvinge ein terminologi på eit område der den ikkje høver, men berre lagar ugreie. Han var svært hard i polemikken sin.
Ein stad tar han i bruk ord frå Den Franske Revolusjonen, nemleg "jakobinar" og "jakobinisme". Han hevdar at den bedriftsøkonomiske omlegginga av dei norske institusjonane er eit jakobinsk prosjekt. Rett nok er det ikkje alle særmerka til jakobinarane som høver like godt på dei norske tilhengarane av new management, men dei er iallfall jakobinske på det viset at dei meiner seg å ha funne Den Endelege Løysinga på Organisasjonsspørsmålet, dei er hyperaktive og driv omlegginga i eit oppskrudd tempo, jamvel om verknadene av det kan vere irreversible. Kva side-verknadene blir, veit ingen. "Målstyringsprogrammet stammar frå bedriftsøkonomien, som logisk sett er den svakaste av alle samfunnsvitskapane. Alt i utgangspunktet vert det gjort så grove forenklingar at det heile vert absurd når det skal setjast i verk ved universitet og høgskular, og i skuleverket elles. Men programmet gjeld offentleg forvaltning og styring i det heile. Resultata av konsernstyring har ein nå fått sjå i Oslo kommune. Det er utan tvil dei institusjonane som driv med utdanning i bedriftsøkonomi som har mykje av ansvaret for at folk i viktige politiske og administrative posisjonar er altfor smalspora, fagleg sett. Dei slepper altfor lett ut forenklande jakobinarar, som vil snu opp ned på heile samfunnet. NHH og BI er store risikofaktorar i dagens norske situasjon. At det er tale om høgre-jakobinisme får berre mange til å gni seg i augene."
At det ikkje er venstreradikalarane, men høgre-jakobinarane som har lykkast best med den lange marsjen gjennom institusjonane, har nok Skjervheim rett i. Den utanomparlamentariske omlegginga av samfunnet fekk ein effektiv start. Han meinte (1991) at det norske samfunnet var i ferd med å bli "eit utriveleg samfunn å leva i". Og omlegginga held fram.
Korleis er så den samfunnsfilosofien som gir grunnlag for ein kritikk av så ulike ovringar som positivismen, marxismen og bedriftsøkonomanes new management? Eg går over til å gi ei kort skisse av den.
På grunnlag av teoretiske vitskapar kan vi, som kjent, utforme teknikkar, dvs, få til målrasjonell eller instrumentell handling. Dermed kan vi gripe inn i ein del prosessar og styre dei i ei retning vi ønskjer. Ut frå fysikken kan vi utvikle ingeniørfaga, og ut frå biologien kan vi utvikle genteknologien. Teoretiske vitskapar gjer oss, med andre ord, i stand til å føregripe og kontrollere hendingar i omgivnaden. Den handlingstypen som blir utvikla på denne måten, har fått ulike merkelappar, men målrasjonell, pragmatisk, og instrumentell handling er vel dei mest vanlege. Vi vurderer dei ut frå kor effektivt dei realiserer eit mål vi har sett oss.
Praktiske handlingar, derimot, har ikkje nokon teoretisk vitskap som basis; heller ikkje kan dei ha nokon slik basis. Dei blir dessutan vurderte på ein heilt annan måte enn dei instrumentelle handlingane. Vurderingsgrunnlaget er moralske standardar og omsynet til symmetri i det mellommenneskelege feltet. I filosofien, alt frå Aristoteles, er praktiske problem forstått som dei samhandlingsproblema og motsetnadene som folk må løyse seg i mellom.
Det er prinsipiet umogeleg å løyse praktisk-moralske problem gjennom instrumentell handling ut frå teoretiske vitskapar, det vere seg psykologi, sosiologi eller systemteori. Det er dette standpunktet Skjervheim har gitt ei solid grunngiving for. Han har utarbeidd ein sterk argumentasjon for at moralske og rettslege problem utgjer eit eige område – som berre delvis kan hentast inn av dei nemnde disiplinane, og at det berre er mogeleg å forhalde seg til dei gjennom omgrep som er særeigne og høvelege for dette området.
Det store mistaket i samtidskulturen går ifølgje Skjervheim ut på å oversjå skiljet mellom teoretiske og praktiske problem. Dermed trur ein at det er råd å utvikle teoretiske vitskapar som dekker det praktiske feltet slik at ein kan avleie ei teknisk eller instrumentell løysing. Ein trur at det kan finnast ei instrumentell løysing på samhandlings- og kommunikasjonsproblema. Dette er det såkalla instrumentalistiske mistaket.
Skjervheim meiner at positivismen, marxismen og new management (på bedriftsøkonomiens grunnlag) er døme på grove variantar av dette mistaket. Jamvel om den politiske skilnaden er stor, verkar dei – ifølgje han – destruktivt på same vis.
I slike stykke har han vidare-utvikla ei side ved Kants filosofi, og han har gjort det parallelt med Karl-Otto Apel, Jürgen Habermas og ein del andre. Eit hovudsynspunkt er at det ikkje er tillate å handsame personar berre som middel, men at dei er mål i seg sjølve. I grunnleggande tyding dreiar det seg om symmetri mellom personar og respekt for det faktum at vi forstår verda på ulike måtar.
I våre dagar er det i stor monn blitt sjølvsagt at det er viktig å respektere einskildmennesket, meiningsmangfaldet og pluralismen. Det er blitt eit så vanleg standpunkt, at dei fleste har gløymt kva det inneber. I ly av denne sløvskapen kjem det instrumentalistiske mistaket. Ut frå dei dominerande formene for teoribaserte styringsmodellar ser ein – i praksis – bort frå spørsmålet om korleis ein kan få i stand symmetriske relasjonar mellom ulike personar. Ein handlar ut frå ein føresetnad om at samfunnet er eit slags storindivid. Då blir det – trass i fagre ord – nettopp mangelen på respekt for einskildmennesket som set seg gjennom.
Skjervheim analyserer også overgangen til ei ny form for journalistikk som ein variant av det instrumentalistiske mistaket: "Overgangen frå den klassiske journalistikken til tabloidjournalistikken er ein overgang frå kommunikativ til instrumentell handling.
Den klassiske journalistikken er basert på eit tillitsforhold; journalisten set si ære i å formidla sann og relevant informasjon, og for det vert han verdsett av lesaren. Ei slik formidling er som eit handslag til lesaren. Håndslag var forresten tittelen på det tidsskriftet med informasjonar for nordmenn som Ture Nerman gav ut under krigen.
Tabloidjournalistikken forvandlar lesaren til objekt som skal påverkast, blikkfangast, få innplugga "informasjonar" så fort og effektivt som mogeleg. Men det er ikkje lesaren som individuell person, han finn seg att som element i målgrupper, lesarsegment; og formidlinga mellom medieprodusentane og desse abstrakte storleikane går gjennom institutt som marknadsgranskingar."
Postmodernismen som gjer alt til fortellingar eller tekst – "der er ingenting utanfor teksten" – har vore til stor hjelp for den instrumentelle omlegginga av samfunnslivet og medieverda. Det viktigaste ved ideologien er læra om at det ikkje finst standardar for sant og falskt, rett og gale, ekte og uekte. Dermed lammar ein samfunnskritikken. Og det blir fritt fram for både nyjournalistikken og den bedriftsøkonomiske nyordninga. Om dette sier Skjervheim: "Vi lever såleis i ein heilt eineståande situasjon: I dag er det litteraturvitskapen (den post-strukturalistiske J.H.) og bedriftsøkonomien som konkurrerer om det intellektuelle hegemoniet." Denne konkurransen mellom dei to blinde tvillingane gjer at skilnaden mellom makt og legitimitet blir liggande i mørkret.
Vi kan seie at den tilstanden Skjervheim har diagnostisert, har fleire ulike symptom. Og det siste eg kjenner til, er tendensen til at leiande personar i forskningsbyråkratiet, helsevesenet, medieverda går Hovudkurset ved Forsvarets Høgskole og dermed får ei binding dei elles ikkje ville ha hatt. Ut frå eit instrumentalistisk syn på samfunnet er det ingenting å innvende mot dette. Dersom ein f.eks. analyserer samfunnet ut frå ein computer-modell, er dette berre ei endring i retning av fleire nyttige "nettverk", fleire kanalar for såkalla SIGNAL. Ut frå den form for politisk kultur som ein demokratisk rettsstat kviler på, er det – derimot – ein skandale.
Den sistnemnde kulturen er opptatt av det å sikre ein del grenser ut frå oppfatninga om at det må finnast maktdeling og maktbalanse og ikkje minst: ein basis for fri og uavhengig meiningsdanning. Og eit militærvesen skal naturlegvis ikkje ha andre oppgaver enn den å forsvare landet mot ytre trugsmål. At Forsvarets Høgskole i aukande grad har blitt eit kurssenter for ikkje-militære leiarar, vitnar om eit forfall i den politiske kulturen. Det viser at den utanomparlamentariske omlegginga av det norske samfunnet er komen langt.
Teksten stammer fra Regime under kritikk, Hans Skjervheim i norsk filosofi
(Aschehoug). Red. Hermund Slaattelid
Copyright Kulturkanalen og Morgenbladet 26.02.99