Professor Johan Galtung på forelesning ved Den sosialpedagogiske høgskolen 16.9.00: "Det beste og mest solide jeg har lest om Kosovo i norsk presse. Dette måtte det en poet til å skrive, det som andre ikke klarte. Dessverre ble artikkelen bortgjemt på side 17 - den burde vært på 1. side."

Artikkelen stor i Stavanger Aftenblad 13.10.2000

FLEIRE EINSIDIGE PÅSTANDAR OM KOSOVO!


Frå Helge Torvund, Ogna

”Folk sin kamp mot makta, er minne sin kamp mot gløymsla” har Milan Kundera skrive. Eg har sett det som ei oppgåve å minna om opplysningar som ikkje har passa inn i det offisielle biletet av Noreg og Vollebæk sin rolle i krigen mot Jugoslavia. Opplysningane har etter kvart fått meir støtte; frå Amnesty International, frå den britiske utanrikskomiteen og  OSSE sine eigne rapportar, bøker og avisartiklar. Forsvararane av NATO og OSSE-leiaren sine handlingar før bombestart, har vorte meir tagale. Det er difor rosverdig at Willy Bjørnsen står fram i Stavanger Aftenblad ( 24.8.00). Det undrar meg at han trur eg  har gått og kokt i hop det eg skriv her på Ogna, når dette burde vera kjent stoff for ein OSSE-observatør. Eg vil likevel halda fast på biletet av Willy Bjørnsen som ein intelligent og heiderleg person. Men eg må vedgå at då eg las at han reagerte på at mine avisartiklar var einsidige, og tenkte på  tusen artiklar med eit einsidig innhald som samsvarar med hans syn, då lo eg sånn, at eg mista balansen, snubla i ein kartong med dokumentasjon, og sølte kaffi på ein artikkel  med tittelen ”Vollebæks bakrus” (Dag og tid, 28.10.99).

Bjørnsen oppfattar mine ”påstandar” som udokumenterte. Mitt problem er at eg har ei slik overveldande mengd dokumentasjon, at redaksjonen bed meg kutta ned på dette. Eg sender eit langt manus til Bjørnsen, og gjev lesarane ein kortare versjon. Eg nyttar vestlege kjelder. Det kan verka einsidig, men har nokon interesse av å lesa om opplevingane til serbarar under bombinga, viser eg til min artikkel i Dag og Tid som kjem torsdag den 14. 9.: ”Haiku frå tilfluktsrommet”.

Byrja historia i 1989? 
Bjørnsen hevdar at det gjekk føre seg ei etnisk reinsing av kosovoalbanarar frå år 1989. Men det finst år før dette. Om tilstanden i Kosovo då, oppsummerer Dennis Binder i New York Times i 1987 at etniske albanarar i regjeringa har manipulert offentlege reguleringar for  å ta over land som tilhøyrar serbarar,  ortodokse kyrkjer har vorte angripne, brunnar forgifta, avlingar brunne ned, slaviske gutar angripne med kniv og  albanske gutar har vorte bedt av dei eldre om å voldta serbiske jenter.  22 000 kosovoserbarar  og montenegrinarar flykta frå Kosovo av frykt for kosovoalbanarane. Dette teier Bjørnsen med. Det er ei lang og komplisert historie. Bjørnsen er i konflikt både med tyske myndigheiter og med andre frå OSSE, når han skriv at det har pågått ei etnisk reinsing frå hans år null (1989). Han skriv at myndigheitene i Beograd omtalar UCK konsekvent som terroristar, Madelaine Albright og den amerikanske utsendingen til Kosovo, Robert Gelbard, gjorde og det. Gelbard uttalte i 1998  at ”We condemn very strongly terrorist actions in Kosovo. The UCK is, without any questions, a terrorist group,” (Agence France Presse, 2/23/98) . 
Lat oss nå sjå på perioden før bombene regna. Kva skriv OSSE om valden i denne perioden? ("Kosovo: As Seen, As Told")  Frå februar 1998 til februar 1999 voks mengda reine albanske landsbyar i Kosovo frå 703 til 793.  201 serbiske hus vart brente ned, 74 vart totalt øydelagde. Bjørnsen er taus om dette. Dei mest alvorlege hendingane  rapportert av Røde Kors i desember 1998, er kampar ved grensa Jugoslavia/ Albania. FN si nyheitsteneste (24. desember) identifiserer disse som væpna albanarar som prøver å ta seg over frå Albania. Vidare; drap på seks serbiske tenåringar av maskerte menn på ein kafé i Pec. Rapporten frå FN sin generalsekretær (24. desember) oppgjev at 282 sivile og polititenestemenn var blitt bortførte av KLA fram til 7. desember. Bilete etter  våpenkvilen i oktober er at "kosovoalbanske paramilitære einingar har drege nytte av stansen i kamphandlingane til å etablere kontroll over mange landsbyer i Kosovo” (Tysk UD til Verwaltungsgericht Mainz, 15.3.99). Etter ”Racak-massakren” den 15. januar, som eg kjem attende til, held rapportane fram;  mord og bortføring  utført av UCK av albanarar som har sympati med serbarar. Hovudmønsteret ser ut til å vera KLA-åtak på serbisk politi og serbiske sivilpersonar, følgt av  kraftige reaksjonar frå jugoslaviske myndigheiter og ny KLA-aktivitet andre stader.
Eg trur  OSSE gjorde ein viktig og god jobb under vanskelege tilhøve. Det kjem og fram under høyringa i det kanadiske parlamentet tidlegare i år, der  OSSE sin Michel Maisonneuve sa: ”.... we were doing incredible good, day by day. We were saving lives and we felt we were very successful.”  Burde ikkje Vollebæk krevd å få styrka observatørkorpset? Det  skulle vera 2000 observatørar, men det internasjonale samfunnet hadde bare råd til 1400. Ei stund seinare kunne ein avstå om lag  20 millionar dollar dagen til bomber.

Racak, eit vendepunkt!
På denne bakgrunnen må ein sjå den sentrale plassen som ”massakren i Racak” har fått.  Albright kallar det ”a  galvanizing incident", og Fischer ”eit vendepunkt” (Berliner Zeitung, 23.3.00). Kvifor er det så viktig for OSSE- folk å halda fast på Racak-massakren? Fordi OSSE var heilt sentrale i vurderinga av denne. Men til og med den serbisk-kritiske avisa Le Monde sin korrespondent Christophe Chatelot, stilte spørsmål ved OSSE sin versjon. Renaud Girard skreiv i Le Figaro 20. 1.99, om korleis serbisk politi omringa Racak, ein kjent UCK-bastion. Serbarane tilkalla eit TV-team frå AP-TV. Det tyder ikkje nett på at dei hadde noko å skjula. Dei gav også melding til OSSE, som sende to bilar. Dei heldt landsbyen under oppsikt heile dagen. Klokka 15.00 kom ei pressemelding til pressesenteret i Pristina: ”15 UCK terroristar var drepne i kampar i Racak og ei mengd våpen tekne.” Politiet drog frå landsbyen, følgt av TV- teamet. Klokka 16.40 køyrde ein fransk journalist (Chatelot) gjennom landsbyen og såg OSSE observatørane snakka roleg med tre sivile albanarar. Dei såg etter skada sivile. Seinare såg han dei dra med to lettare skada menn og to kvinner. Observatørane såg ikkje bekymra ut, og nemnde ikkje spesielle hendingar. Neste dag vart landsbyen igjen overteken av væpna UCK-medlemmar. Klokka 9 viste desse journalistar og OSSE-observatørar vegen til dei drepne.  Alle albanarane gjentok den same soga. Politiet hadde  teke mennene med seg og skote dei ned på kloss hald utan vidare. Dei sa at serbarane hadde sunge medan dei utførte udåden. Sjefsobservatøren William Walker kom, såg,  og uttrykte straks sin indignasjon. Verda fekk høyra at dette var det verste han hadde sett. 
Problemet er at AP sin TV-film som Le Figaro referer, stod i sterk kontrast til dette: Politiet sneik seg langs veggene i ein folketom landsby under intens eldgjeving frå UCK som låg i skyttargraver. Det var kraftige kampar. Walker sin konklusjon som bygde på UCK-vitnesbyrd vart ståande. Ut frå dette starta ei enorm straffebombing av eit heilt folk. Nordmenn var med på å drepa mellom fem hundre og tusen sivile som hemn. Vollebæk stadfesta Walker sin versjon  den 17. mars, 1999! Det vart ikkje funne mange patronar kring åstaden, og det var svært lite blod der. Kunne dei serbiske styrkane ha utført dette medan dei var under eld av UCK? Berliner Zeitung skreiv (23.3.00) at UCK-leiar Hashim Tachi sa til BBC at UCK hadde ei sentral eining der. ”Det var ein voldsom kamp og me hadde dessverre store tap.”  Vil det nokon gong koma opp kva Thacis var med på i Klecka? Eg veit ikkje om Bjørnsen kjenner den historien, men her vart faktisk 22 serbarar drepne i august 1988- Thaci skal ha vore innblanda. Det same gjeld Haridinaj som var i landsbyen Glodanje som kammandosjef for UCK i regionen noko seinare (september 1998). Her vart 34 serbarar, sigøynarar og kosovoalbanarar med sympati for serbarane drepne. Bare desse to isolerte hendingane overgår Racak. Problemet er at UCK sine mafia-metodar er så kjente, at ingen vågar å vitna imot dei. 

Den hemmelege obduksjonsrapporten
I vår fekk så Berliner Zeitung (23.3.00) tak i ein hemmeleg rapport: Og  her kan eg ha skrive feil. Det var visst ikkje ein  OSSE-rapport, men ein hemmeleg EU-rapport! Kanskje Bjørnsen kan stadfesta det? Innhaldet er  uansett det same. I denne rapporten går det fram, i følgje rettsmedisinaren Helena Ranta, at dei ikkje fanst noko i obduksjonsrapporten som prova avrettingar! Bare ein var blitt skoten på kloss hald! Eit av prova på at dette hadde vore uvæpna sivile, var at ho etter massakren hadde sagt at det ikkje var krutslam på ermane deira. Nå avslører ho at dette ikkje var undersøkt! Og  det kjem eitt år etter at bombinga starta.
Svend Robinson (kanadahøyringa) viser til at UCK på ei veke drap 12 serbiske politifolk og såra 35. I alle fall åtte av dei drepne i Racak vart identifiserte som UCK-medlemmar i følgje avisene eg refererer frå.  Stemmer det då som den tyske avisa ”Die Welt,” skriv  alt den 22.1.99; ” die UCK habe aus der militärischen Niederlage von Racak einen politischen Sieg machen wollen.”? Bjørnsen stoler på Vollebæk som stoler på Walker som stoler på UCK. . Men kva var grunnlaget for bombinga? Ein annan OSSE-observatør, Rolly Keith, var i Kosovo til den 20. mars. Han såg ikkje noko teikn på folkemord eller etnisk reinsing, men at UCK braut våpenkvilen og drap politifolk. ( Møte i End the Arms Race, Vancouver,10.4.99). ”Det finnes ikkje per. i dag noko prov for eit statleg program for fordriving av alle albanarar frå Kosovo….Politi og militæraksjonane rettar seg framfor alt mot terroristiske aktivitetar i bestemte område. (Bundesamt für die Anerkennung ausländischer Flüchtinge, 15.3.99(N.B.!)

”Operasjon Hestesko”
For å få støtte til bombinga måtte ein få fram at ein bomba for å stoppa eit pågåande folkemord, sjølv om me nå veit at det ikkje fann stad. Så sette ein ut rykte om 100 000 drepne (Cohen, på  CBS;  Face the Nation,16.5.99,sitert som fakta  i The Washington Times, 17.5.99) Støtte fekk ein: ”I would level that country so that there would be nothing moving--no cars, no trains, nothing” Bill O'Reilly, Fox News Channel (4/26/99). 

Men i massegravene der dei 100 000 skulle vera, fann ein ikkje så mange. I dag er det snakk om 2788, der dødsårsaka ikkje er klarlagt. Det var ille nok, men ein hadde bruk for noko verre. Difor trong NATO ”Operasjon Hestesko”. Sjefsanklagar i Haag, Louise Arbour, var ikkje overtydd (Aftenposten, 27.6.00)  Men i media (sjå ”Slaktehuset”, Dagbladet, 10.juli, 99 ),  var Hesteskoplanen  ein av hovudanklagane mot Milosevic. Heile saka vart seinare avslørt av den pensjonerte Bundeswhr-generalen Heinz Loquai, militær observatør ved OSSE hovudkvarteret i Wien. (Berlin Tribunalet, 21.6.00.) Det tyske Forsvarsdepartementet laga sjølv ”Operasjon Hestesko”! Så kjem Bjørnsen  og seiar at utdrivinga skjedde jo i ei U-form! Ser ein nøyare etter liknar det svært på ein hestesko! Eg er nær ved å gje opp mitt bilete av ein intelligent mann. Men eg kjemper i mot. 
Bjørnsen later som om han ikkje er klar over at amerikanarane i Kosovo har laga hemmelege avtalar med UCK, men dette vart jo avslørt i Politiken (21.3.00) ”Den amerikanske regering har indgået en diskret studehandel med kosovaalbanske militsgrupper og deres ledere. Aftalen er enkel: Amerikanske fredsstyrker fra KFOR vil tillade, at militsfolkene opretholder deres ulovlige våbenlagre, hvis de til gengæld stopper deres infiltration ind i det sydlige Serbien, hvor de provokerer serbisk politi og militær til væbnede sammenstød.” Og stadfesta av Washington Post. Nå går mot eit ”demokratisk val”. Sjølv om serbarane ikkje vågar stemma,  kjemper i alle fall dei kosovoalbanske partia seg imellom. Og dei kjemper mellom anna med skot og granatar. Spesielt tydeleg er konflikten mellom Kosovo Demokratiske Liga (LDK) og Kosovo Demokratiske Parti (PDK), som er partiet til tidlegare UCK-leiar Hashim Thaci. (CNN, 25.8.00) 
Bjørnson skriv at eg opererer med for mange drepne ikkje-albanarar etter at KFOR styrken overtok Kosovo. Eg håper han har rett. FN nemner 488 av ulike etnisk opphav. FN-toppen McNamara hevdar på si side at kosovoalbanarane sine overgrep mot minoritetane har kostet minst 500 menneske livet det siste året. (CNN,4.7.00).  Jugoslaviske kjelder har 1028 drepne og 946 kidnappa.  McNamara påpeikar at ingen er stilt til rette for drapa, overfalla, eldspåsetjingane og de andre overgrepa, og at vitnar vert truga til å teia eller blir drepne. NATO sine klasebomber har drepe 150, mest barn, og fleire vil det bli. (Aftenposten, 2.9.00) Bjørnsen skriv at ”forureinar bør betala” og at NATO bør reinska opp. Godt forslag! Også etter bombinga av 144 kjemiske fabrikkar og  forureininga av Donau i Serbia?

Eg har særleg drege fram, i artiklar og dikt, ein nordmann som framfor nokon vore har med på å stadfesta eit falskt bilete av denne konflikten, og vore ein aktiv medspelar i sjølve prosessen, i dobbeltrollen som OSSE-formann og NATO-ministar; Knut Vollebæk. Kor mange flyktningar det vart av dette er vanskeleg å seia. 850 000 kosovoalbanarar for ei tid. Minst 200 000 serbarar og sigøynarar som er flyktningar ennå. Kvalifiserer det til stillinga som FN sin høgkommissær for flyktningar? 


Mail til Helge Torvund


Professor Johan Galtung sin kommentar 

Innlegget ble sendt inn 16/09/2000 06:53:23
Link her
Skrevet av Tore Lende (tore@lende.no):
Galtung holder i disse dager kurs i Sandnes, hvor jeg er deltaker - var litt spent på hvordan han ville se på denne artikkelen. Han kommer nettopp fra Kosovo innbudt av OSSE. Han hadde kurs der nede i konfliktløsing med fredelige midler. På kurset var det 50 albanske 30 serbere (mest kommunal byråkrater) - (om jeg husker rett). Det var første gangen at serbere og albanere møttes på den måten etter krigen. Galtung er nok en av de mest informerte i verden om denne konflikten - etter inngående kjennskap til regionen i flere tiår.
"En absolutt utmerket artikkel, og i full overenstemmelse med oppfatningen til de fleste analytikere - om noen år vil alle, også i Norge, dele disse synspunktene, men mange ting kunne Torvund uttalt enda sterkere". Galtung har også klare meninger om hva som kunne vært gjort for å unngå krigen, og peker på mulig veier til løsning, selv om ting nå er blitt vanskelig eller umulig? Tore Lende, Sandnes 
 

Tilbake til hovedside Tore Lende

--------------------------------------------------------------------------------